Den årvisse arrangementet har gått av stabelen, og om me skal sei det sjølv vart det vellukka! Etter veker med planlegging var det artig å komme i gang, kjenne dei vante luktene av laks, dill og løk. Sjå stabelen med egg, ana tårene til løkskrellarane, og ikkje minst all akkaren som skal skrellast med den gjennkjennelege lukta! men det som får oss til å ta fatt på dette kvart år, er det ferdige resultatet og alle dei glade sjømatelskarane som rosande fortel oss, at alt arbeidet og dei hektiske timane var vel verdt det. Med matlaging både fredag og laurdag vart resultatet alt frå lakserullade, tang, sild og salater til håbrand, breiflabb og reker i all slags variantar. Med levande musikk og godt lag vart kvelden sers vellukka.
Ein ting skal vera sikkert at alle ungdomane som hjalp til gjorde ein utmerka jobb! Me er utsletne, men med godt mot og lovnad til oss sjølve om å byrja tidlegare med tanke på neste år!
"gjer ikkje i morgon det du kan gjere i dag", so ho sa hu hi :)
Det e godt alt var vellykket:) Ser ut til å ha vært festli som vanli.
SvarSlettGleder meg til Smalahove i januar:)
Masse klem til hele gjengen fra meg i Australia:)
Hanne