torsdag 25. mars 2010

Dårleg..

Det er berre til å innsjå sine begrensningar, eg er dårleg til å blogga.. Iallefall kontinuerleg. Ein blogg vert eigentleg sers kjedleg dersom det vert snakk om månadar mellom kver oppdatering. Kritikken tek eg på meg, sidan det no berre er meg igjen her i BMV.. Mine kjære romvenninner har flytta. Noko som er hensiktsmessig sidan dei ikkje lenger studerer i Bergen. Men sant skal seiast, dei veit no kor huset er ;)

tysdag 12. januar 2010

Nytt år, nye moglegheiter!


Det nye året er vel i gong og det inneber ein mindre fastbuande i BMV. Vår kjære Angunn har flytta tilbake til Haugesund, studiene!! Linda ser seg, etter eit halvt år med studier, nødd til å tjene til livets opphald.. Då er hurtigruta, Kong Harald ein fin plass:) Som halvegs ingeniør er det ingen grunn til å gje seg! Så eg fortsett der eg slapp.