torsdag 25. mars 2010

Dårleg..

Det er berre til å innsjå sine begrensningar, eg er dårleg til å blogga.. Iallefall kontinuerleg. Ein blogg vert eigentleg sers kjedleg dersom det vert snakk om månadar mellom kver oppdatering. Kritikken tek eg på meg, sidan det no berre er meg igjen her i BMV.. Mine kjære romvenninner har flytta. Noko som er hensiktsmessig sidan dei ikkje lenger studerer i Bergen. Men sant skal seiast, dei veit no kor huset er ;)

tysdag 12. januar 2010

Nytt år, nye moglegheiter!


Det nye året er vel i gong og det inneber ein mindre fastbuande i BMV. Vår kjære Angunn har flytta tilbake til Haugesund, studiene!! Linda ser seg, etter eit halvt år med studier, nødd til å tjene til livets opphald.. Då er hurtigruta, Kong Harald ein fin plass:) Som halvegs ingeniør er det ingen grunn til å gje seg! Så eg fortsett der eg slapp.

søndag 22. november 2009

Livet i BMV..


Som dåke sikkert no alt les er det no pågått ei masse blogging om vårt liv :) Den dårlege blogginga i forkant av dette innhogget skyldes at våre liv stort sett dreier seg om eksamen..
Eg og Linda såg vårt snitt til å blogge når Angunn kapra besøket vårt til å diskutere eksplosjonar, gnistar og statisk elektrisite og ikkje minst trykk.. Noko me anser som eit relativt svakt kunnskapsområde for vår del..

Permafrost i BMV


Da er ingen tvil om at da er permafrost i BMV 11, og ditta har restultert i store innhogg i skogen på Huglo. Me er glad for at fedrene våras har omsut for oss, og kjøyrer ved til oss når me skrik etter hjelp. Sist veka kom Gaute med eit lass med ved, og fyllte opp vaske/veaskuten våras. Ditta var storveis, og bedre vart da då me vart vekkte av Albert som ringte oss i dag tidleg for å informera om at han stod på kaien med 12 sekker ved. Me vart skikkeleg glade og la ei ekstra skia i ovnen :)

Peparkakebaking




Fredag var det bakedag i huset, og me hadde besøk av Vermund. Me laga mange vanlege peparkaker, byggingeniøren konstruerte peparkakehuset (som biletet viser) og vermund laga utedoen. Angunn var tilskodar og prøvesmadar, medan eg (Lindus) stod for steikinga. Da blei bra.

Søndag var Gaute og Nils Rune på kaffi og kakeeting.

Husreglar i BMV


Slik ser husreglane i BMV 11 ut :)

Kort frå Australia


Her i BMV likar me sers godt post. Gleda var difor stor då me oppdaga at det var eit postkort, me ikkje hadde tinga sjølv, i postkassen! Kortet var frå var alles kjære Hanne, heilt frå Australia! Me såg oss nødd til å feire med Fyrstekaka og kaffi!! :D
Om nokon no lurar, postnummeret er 5018 Bergen ;) (Bernard Meyersvei 11)