søndag 22. november 2009

Livet i BMV..


Som dåke sikkert no alt les er det no pågått ei masse blogging om vårt liv :) Den dårlege blogginga i forkant av dette innhogget skyldes at våre liv stort sett dreier seg om eksamen..
Eg og Linda såg vårt snitt til å blogge når Angunn kapra besøket vårt til å diskutere eksplosjonar, gnistar og statisk elektrisite og ikkje minst trykk.. Noko me anser som eit relativt svakt kunnskapsområde for vår del..

Permafrost i BMV


Da er ingen tvil om at da er permafrost i BMV 11, og ditta har restultert i store innhogg i skogen på Huglo. Me er glad for at fedrene våras har omsut for oss, og kjøyrer ved til oss når me skrik etter hjelp. Sist veka kom Gaute med eit lass med ved, og fyllte opp vaske/veaskuten våras. Ditta var storveis, og bedre vart da då me vart vekkte av Albert som ringte oss i dag tidleg for å informera om at han stod på kaien med 12 sekker ved. Me vart skikkeleg glade og la ei ekstra skia i ovnen :)

Peparkakebaking




Fredag var det bakedag i huset, og me hadde besøk av Vermund. Me laga mange vanlege peparkaker, byggingeniøren konstruerte peparkakehuset (som biletet viser) og vermund laga utedoen. Angunn var tilskodar og prøvesmadar, medan eg (Lindus) stod for steikinga. Da blei bra.

Søndag var Gaute og Nils Rune på kaffi og kakeeting.

Husreglar i BMV


Slik ser husreglane i BMV 11 ut :)

Kort frå Australia


Her i BMV likar me sers godt post. Gleda var difor stor då me oppdaga at det var eit postkort, me ikkje hadde tinga sjølv, i postkassen! Kortet var frå var alles kjære Hanne, heilt frå Australia! Me såg oss nødd til å feire med Fyrstekaka og kaffi!! :D
Om nokon no lurar, postnummeret er 5018 Bergen ;) (Bernard Meyersvei 11)

torsdag 5. november 2009

huglo.no

For dei som ikkje har fått det med seg, så har heimstaden til jentene i BMV fått seg eiga internettside. Adressa er www.huglo.no . Ja, og "forsidepikene" er Angunn og Linda :)

søndag 1. november 2009

Bill.mrk. klesklyper


Ettersom det er mange som ynskjer å besøka oss i BMV (noko me møter med eit smil), kom Mari med forslag om å gje alle besøkande ei klesklypa. Dette gjer oss mogleghet til å halda styr på dei besøkande, i tillegg til at dei kan hengast på glaset til gjesten, slik at glasa ikkje vert forveklsa.. Så vil du få nanmet ditt på ei klypa på gardina på kjøkenet vårt, så kom på besøk!!

fredag 16. oktober 2009

Studiestemning




Slik såg studiestemninga ut i BMV ein sein fredags ettermiddag. Max hygge

onsdag 14. oktober 2009

Kongekrabbe !


Med restar frå havrettsaften i frysen, såg me oss nøydd til å invitera venner og kjende på kongekrabbe. Me koste oss med krabbe, og fann ut det var ein usosial mat ettersom alle var meir enn nok opptatt med å renska og ikkje sa eit ord. Godt var det i alle fall :)

Havrettsaften 2009











Den årvisse arrangementet har gått av stabelen, og om me skal sei det sjølv vart det vellukka! Etter veker med planlegging var det artig å komme i gang, kjenne dei vante luktene av laks, dill og løk. Sjå stabelen med egg, ana tårene til løkskrellarane, og ikkje minst all akkaren som skal skrellast med den gjennkjennelege lukta! men det som får oss til å ta fatt på dette kvart år, er det ferdige resultatet og alle dei glade sjømatelskarane som rosande fortel oss, at alt arbeidet og dei hektiske timane var vel verdt det. Med matlaging både fredag og laurdag vart resultatet alt frå lakserullade, tang, sild og salater til håbrand, breiflabb og reker i all slags variantar. Med levande musikk og godt lag vart kvelden sers vellukka.




Ein ting skal vera sikkert at alle ungdomane som hjalp til gjorde ein utmerka jobb! Me er utsletne, men med godt mot og lovnad til oss sjølve om å byrja tidlegare med tanke på neste år!




"gjer ikkje i morgon det du kan gjere i dag", so ho sa hu hi :)

storbesøk i BMV







Endeleg fekk me besøk av vår kjære syster og ven Janne! Det tok vel to månar før hu tok seg turen!! dette resulterte sjølvsagt i storbakst av både bollar og eplekake. me hadde jo tross alt vore på lovleg epleslang i hagen til Erik.



Me har og hatt besøk av ein tidlegare BMV buar, nemleg Øyvind. han kjende til både positive og negative sider ved huset, og gav oss nyinnflytta nokre hendige tips til vinteren. søskenebarn Cecilie tok seg og ein tur på besøk, før hu set nasa nordover langs Noregs kyst med hurtigruta! Mandag diska me difor opp med pizza til folket! Søster Stine tok seg og ein landtur, kva er vel då betre enn cola og pizza med jentene i BMV? :) me håpar på gjentaking!



"å gå på besøk er bestandig så koselig", so an sa hin (Solan Gundersen) og me seie oss glatt einig! :)

måndag 5. oktober 2009

Seriøs vs useriøs


Angunn og HIlde er i ein seriøs samtale med fiskamatleverandøren til havrettsaften. Eg er eit forstyrrandes elemet midt oppi alt, absolutt..

laurdag 3. oktober 2009

Stolzekleiven







Etter år og dag med regn i Bergen, kom endeleg sola. Og kva er vel betre enn å nytta ein solskinnsdag til ein aldri så liten kveldstur i Stolzekleiven, tenkte me, og la i vei. Me rusla oss rolegt oppover fjellsida, og tok oss tid til å nyte dei flotte haustfargane. Sistekvinne i BMV måtte melde fråfall, grunna sjukdom.

Havrettsaften 2009



Havrettsaften 2009 vert 10.oktober, men det er lenge sidan planlegginga starta i BMV. I det siste har det gått i lekser, eksplosjonsfarar, akkar, blåskjel, engelsk, matte, hovudrett, forrett og oppskrifter.. No er ressursstyringsskjemaet ferdig utfyllt, og me er klare til neste helg og sjølve utforminga av den vellykka kvelden. Biletet syner Hilde med ferdig gjennomgåtte oppskrifter på gulvet..

fredag 2. oktober 2009

Velkomne til Livet i BMV


Det er mange som har budd i "huglahuset" i Bernard Meyers vei. I haust flytta me, Angunn, Linda og Hilde inn. Dette er eit hus med sjarm, då det ligg idyllisk til ved Fløyen, i museumsgata.