fredag 16. oktober 2009
onsdag 14. oktober 2009
Kongekrabbe !
Havrettsaften 2009
Den årvisse arrangementet har gått av stabelen, og om me skal sei det sjølv vart det vellukka! Etter veker med planlegging var det artig å komme i gang, kjenne dei vante luktene av laks, dill og løk. Sjå stabelen med egg, ana tårene til løkskrellarane, og ikkje minst all akkaren som skal skrellast med den gjennkjennelege lukta! men det som får oss til å ta fatt på dette kvart år, er det ferdige resultatet og alle dei glade sjømatelskarane som rosande fortel oss, at alt arbeidet og dei hektiske timane var vel verdt det. Med matlaging både fredag og laurdag vart resultatet alt frå lakserullade, tang, sild og salater til håbrand, breiflabb og reker i all slags variantar. Med levande musikk og godt lag vart kvelden sers vellukka.
Ein ting skal vera sikkert at alle ungdomane som hjalp til gjorde ein utmerka jobb! Me er utsletne, men med godt mot og lovnad til oss sjølve om å byrja tidlegare med tanke på neste år!
"gjer ikkje i morgon det du kan gjere i dag", so ho sa hu hi :)
storbesøk i BMV
Endeleg fekk me besøk av vår kjære syster og ven Janne! Det tok vel to månar før hu tok seg turen!! dette resulterte sjølvsagt i storbakst av både bollar og eplekake. me hadde jo tross alt vore på lovleg epleslang i hagen til Erik.
Me har og hatt besøk av ein tidlegare BMV buar, nemleg Øyvind. han kjende til både positive og negative sider ved huset, og gav oss nyinnflytta nokre hendige tips til vinteren. søskenebarn Cecilie tok seg og ein tur på besøk, før hu set nasa nordover langs Noregs kyst med hurtigruta! Mandag diska me difor opp med pizza til folket! Søster Stine tok seg og ein landtur, kva er vel då betre enn cola og pizza med jentene i BMV? :) me håpar på gjentaking!
"å gå på besøk er bestandig så koselig", so an sa hin (Solan Gundersen) og me seie oss glatt einig! :)
måndag 5. oktober 2009
Seriøs vs useriøs
laurdag 3. oktober 2009
Stolzekleiven
Etter år og dag med regn i Bergen, kom endeleg sola. Og kva er vel betre enn å nytta ein solskinnsdag til ein aldri så liten kveldstur i Stolzekleiven, tenkte me, og la i vei. Me rusla oss rolegt oppover fjellsida, og tok oss tid til å nyte dei flotte haustfargane. Sistekvinne i BMV måtte melde fråfall, grunna sjukdom.
Havrettsaften 2009
Havrettsaften 2009 vert 10.oktober, men det er lenge sidan planlegginga starta i BMV. I det siste har det gått i lekser, eksplosjonsfarar, akkar, blåskjel, engelsk, matte, hovudrett, forrett og oppskrifter.. No er ressursstyringsskjemaet ferdig utfyllt, og me er klare til neste helg og sjølve utforminga av den vellykka kvelden. Biletet syner Hilde med ferdig gjennomgåtte oppskrifter på gulvet..
fredag 2. oktober 2009
Velkomne til Livet i BMV
Abonner på:
Innlegg (Atom)